Trioen SANS skal for første gong halde julekonsertar i eigen regi. Dei vil halde to konsertar komande helg, Hareid kyrkje  fredag 19. desember og Stordal kyrkje laurdag 20. desember.

- Vi ønskjer å gi deg og dine ei god konsertoppleving i lune omgjevnader og i rommet der akustikken er finast, nemleg kyrkjene, seier dei tre damene.

Gitar og perkusjon, samt tre stemmer i ulike leier vil skape harmoniske tonar rundt både det tradisjonelle og meir nyskapande innan julemusikken. "Deilig Er Jorden", "Nordnorsk Julesalme", "Himmel på Jord" og "Mary Did You Know" er songar dei har på repertoaret.

Maria Holand Tøsse, ein av desse tre, har siste månaden brukt tida si på eit songprosjekt der ho gir alle inntekter til hjelpegruppa i Ålesund, der inntektene går til t.d. aleinemødrer som treng bistand i julestria. Saman med mange andre musikarar på Sunnmøre, mellom anna Iris Kristine Tangen Nanseth, har dei og resten av gjengen musisert for ei betre jul for fleire. Songen "This time of the year" har allereie nådd ut til mange. Truleg blir den også både å sjå og høyre på konserten.

Iris Kristine Tangen Nanseth, Hildegunn Garseth Ulvestad og Maria Holand Tøsse, ser fram til å gi publikum ein konsert der dei kan finne roa og nyte jula i sin rette glans.

SANS oppmodar om å møte i god tid, slik dei får servere gløgg med noko godt attåt før konsertstart.

Billettar er å få kjøpt på Sjøbrg sine nettsider.