Kveldane strøymer lyset ut frå dei høge vindauga på den gamle, blå skulen på Ulstein. Nokre gardiner er trekte føre, men andre avslører aktiviteten som går føre seg på innsida.

Den siste tida har kunstnaren Einar Magne Flø arbeidd med førebuingane til ei utstilling som opnar fredag.

Lech Walesa

– Eg refererer til noko som skjedde i 1980. Det var ei stor hending, som eg sjølvsagt følgde med på. Det var på nyhendene kontinuerleg, og det kjendest som at det var noko ekstremt viktig som skjedde ute i Europa.

Einar Magne Flø snakkar om hendingane frå Lenin-verftet i Gdansk frå 1980, om Lech Walesa.

– Eg var her og drøymde om møtet med Lech Walesa. Eg drøymde faktisk om det same natt som Walesa vart arrestert, og då byrja eit arbeid som eg ikkje såg føre meg kor mykje det ville krevje.

Flø fortel at han skreiv ned det han opplevde i draumen og fekk onkelen, Ragnar Ulstein til å sjå det.

– Han sa, «kast alt du har i hendene og arbeid med dette, det er det største du vil kome bort i». Det var krevjande, og kjendest ut som ein stod oppe i noko som vedkom veldig mange.

Spanande dimensjon

Flø fortel at han sette i gang med eit energisk arbeid med prosjektet, og viser til fire bilete som står langs veggen i det kombinerte galleriet og atelieret han har i den gamle skulebygningen.

– Desse har aldri vore viste før. Det er dei første skissene som eg gjorde på Lech Walesa-draumen, som enda med det store du ser bak meg.

Flø fortel at han kom til eit punkt der han måtte gje seg, og heller kome attende og byrje på nytt for å kome fram til ei løysing han var nøgd med.

Draumane, som har gitt fleire biletseriar, til dømes «Draumen om Paven og Fjellet» frå 1983, har vore ein del av livet og inspirasjonen til Flø sidan midten av 70-talet.

– Eg har eigentleg hatt med meg denne dimensjonen av draum, den er på mange måtar sjela sin revisor i livet. Eg har opplevd det som utruleg spanande.