Mange småbarnsforeldre hugsar nok grunnlovshiten "Til Dovre faller" frå i vår. Torgrim Grimstad frå Hareid var regissør.

Denne veka vart det lansert ein ny musikkvideo frå NRK Super, også denne gongen med Grimstad som regissør. Barnekanalen har dikta ein ny julesong som programleiarane på NRK Super framfører. Her ser ein kjende figurar som Fantorangen, Perla, Rodde og Kikkan og høna Turid.

Det er ikkje første gongen at programleiarane på NRK Super speler inn ein eigen julemusikkvideo, men det som er litt spesielt i år er at det er ein sjølvskriven song på nynorsk. Noregs Mållag og Norsk Målungdom jublar og er nøgde med Målprisvinnaren 2014.

Her kan du sjølv høyre og sjå den nye videoen:

Julehelsing frå programleiarane i NRK Super