Tidlegare har det vore vanleg å late skulekorpsa og barnekora «synge og spele» jula inn helga før dei vaksne. I år har kyrkjemusikalsk utval lagt om strategien – og baktanken er at dei unge skal late seg inspirere av dei vaksne – og kan hende også omvendt.

Det blir halde to konsertar.

På den første konserten deltek Bigset Blandakor, Hjørungavåg Aspirantkorps, Grimstadkoret, Hareid Kammerkor, Hareid og Hjørungavåg skulekorps, Hareid Blandakor og Musikklaget Melshorn. Allsongar er: No koma Guds englar, Gud sin egen sønn oss gav, Det kimer nå til julefest, Eg synger julekvad og Deilig er jorden. Kjell Einar Ljones held andakt – og kollekten ved utgangen går til Kirkens Bymisjon.

På den andre konserten deltek Bigset skulekorps, Brandalskoret, Hareid Ten Sing, «Trine Teigene & Toril Oda Ringstad», Hareid Mini- og Barnekantori, Gollj & Gråstein og Hjørungavåg Brass. Det blir opplesing v/ Marit Øien Sæverud – og allsongane blir: Det kimer nå til julefest, Deilig er jorden, Nå vandrer fra hver en verdenskrok, En stjerne skinner i natt og Høyr kor englar syng frå sky.

På begge konsertane er det kollekt ved utgangsdøra til Kirkens Bymisjon.