Søndag vart det halde to "Vi syng og spelar jula inn"-konsertar i Hareid kyrkje. I år omfatta konsertane for første gong alle aldersgrupper.

Det heile begynte med at Bigset Blandakor framførte den aller eldste salmen vi har; oldkyrjesalmen «Folkefrelsar til oss kom» - og avslutninga kom med allsongen «Høyr kor englar syng frå sky» på den andre  konserten.

Mange vil vite at den nynorske teksta til denne salmen er skriven av hareidsdølingen Kjetil Frøysa.

I den første konserten heldt Kjell-Einar Ljones andakt, medan Marit Øien Sæverud hadde ei opplesing i den andre. 8 kor og 5 korps deltok pluss ein songduett. Kantor Ida Teige spelte orgel og piano. Aldersspennet mellom aktørane var størst på den første konserten, der den yngste var 8 år og den eldste 89 og eit halvt.

Det var likevel den andre konserten som var mest «ungdommeleg».

Det var allsong av fleire salmar. Biletserien er frå den første konserten.

Fyldigare reportasje frå konserten finn du i papirutgåva tysdag.