Valkyrien Allstars er denne veka på turne i Møre og Romsdal og held konsert på fleire vidaregåande skular.

Denne veka er det konsert for elevane på Kristiansund vgs, Tingvoll vgs, Stranda vgs, Romsdal vgs og Molde vgs. I veke sju er det elevar på Sykkylven vgs, Sunndal vgs, Ulstein vgs, Fræna vgs og Haram vgs som får oppleve Valkyrien. Konserten for elevane frå Ulstein vgs. blir onsdag 11. februar på Sjøborg kulturhus.

Valkyrien Allstars

Valkyrien Allstars vart etablert i 2002 og består av Tuva Livsdatter Syvertsen, Martin Langlie, Øystein Etterlid og Erik Sollid. I tillegg er Magnus Larsen med på bass. Valkyrien spelar hardingfele og syng, med Tuva som leiande vokal. Inspirasjonskjelda var spelemann og plateprodusenten Hallvard Kvåle.

Musikken dei framfører har rot i det norske tradisjonsmiljøet, men ved sjølve å eksperimentere og blande stilar og sjangrar, har dei utvikla sitt eige lydbilete og “sound”. Dette gjer musikken både nyskapande og internasjonal. Dei elskar å leike seg fram til nye variantar, men alltid med respekt for det genuine. Sangen gjev det musikalske biletet ein ytterlegare dimensjon ved å kombinere stev- og kvedartradisjon med eit litt meir urbant og rocka uttrykk. Tekstane er til dels henta frå kjende forfattarar, men også her blandar dei mål og form for å skape sitt eige uttrykk.

Elevane som ønskte dei

Møre og Romsdal fylkeskommune og Kultursekken er glade og stolt over å kunne presentere Valkyrein Allstars til dei vidaregåande elevane. Det er elevrepresentantar frå skulane som sjølv har valt å få Valkyrein som ein del av Kultursekkprogrammet dette året.

Tuva Syvertsen er frontfigur og vokalist i Valkyrien Allstars.