Organisasjonen MOT har nettopp offentleggjort lista over kva kommunar og skular som får besøk av MOT-turneen 2015. Ulstein er ein av de 55 heldige stadane som får besøk. Det skjer den 30. april.

I tillegg til å halde ein konsert, gjennomfører MOT eit fagleg opplegg med årsmøte og lærarforedrag for å forsterke MOT-arbeidet i lokalsamfunnet. Mellom artistane som skal opptre på konserten er førebels Chand, tidlegare vinnar av X-Factor, ein av dei som er stadfesta.

- MOT-turnéen skal vere ein aktivitetsdag for ungdom. Vi har med MOT-artistar, men det viktigste er ungdommen sine eigne bidrag. Vi gler oss masse til å besøke ungdomane i Ulstein, seer turnéleiar Tore Sandnes.

MOT er ein haldningsskapande organisasjon som jobbar for og med ungdom. MOT sitt mål er å vere med på å skape robuste ungdomar og trygge ungdomsmiljø.