I helga skal hagefuglane i Noreg registrerast. Norsk Ornitologisk Forening (NOF) håpar fugleinteresserte vil vere med å telje.

I fjor talde fugleentusiastar flest kjøttmeis. Denne fuglen vart registrert i 95 prosent av hagane. På andreplass kom blåmeisen i 84 prosent av hagane og skjæra med 72 prosent.

I år håpar NOF å slå rekorden frå 2013. Då vart det registrert heile 390.000 fuglar og 7.000 fôringsplassar av dei rundt 15.000 som deltok i hagefuglteljinga.

Hagefuglteljinga går føre seg ved at ein noterer alle fuglar som blir sett på fuglebrettet og rundt fôringsplassen i helga. Det skal noterast kva fugl som blir sett, og kor mange av kvar art. Tala skal leggjast inn på nettsida til Fuglevennen.