I dag var det igjen eventyrstund på Ulstein bibliotek. Etter Ann-Mari Harrkjerr tok over som biblioteksjef har det blitt ein del eventyrstunder og lesestunder på Ulstein bibliotek. Harrkjerr er flink til å fortelje levande for borna, så dei sit i ro og blir oppslukte av historiene.

Det som var litt spesielt med dagens eventyrstund var at ein tolk var til stades og omsette eventyra til somalisk. Hadde arabisktalande born vore til stades, ville det blitt tolka til arabisk. Biblioteket har fått prosjektmidlar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune ved Fylkesbiblioteket for å satse på «Internasjonal myldring på biblioteket» som prosjektet heiter.

Nokre-og-tjue born møtte opp på biblioteket for å få med seg eventyrstunda i dag. I tillegg kom foreldre og besteforeldre til borna, og både små og store fekk ei koseleg stund i lag. Born og vaksne lo godt då Harrkjerr la om røysta og framførte eventyret Bukkene Bruse og ei historie om ein gut som heitte Sam som fekk ein elefant på besøk.

Etterpå fekk dei som ville prøve den store trollmaska.

Kameratane Emil Gulbrandsøy Haugland og David Valland-Hansen, båe fem år, storkosa seg på biblioteket. Båe syntest det var kjekt.

- Kva var det som var kjekkast då?

- Det med elefanten, meiner David.

- Eg synest i grunnen alt var fint, seier Emil.

Båe gutane har vore på biblioteket fleire gonger med barnehagen. Då også fortel Harrkjerr eventyr.