Laurdag 7. februar er det duka for årets UKM (Ungdommens kulturmønstring) for Ulstein og Hareid i Sjøborg kulturhus. Arrangementet i regi av kulturkontoret i Ulstein, i samarbeid med ungdomsråda i Ulstein og Hareid, har fått med seg Chris Masters frå Flø.

22-åringen vil vere med og hjelpe deltakarane under lydprøver, og gi råd og støtte backstage under sjølve mønstringa.

Chris Masters, for tida busett i Bergen, vart landskjend då han i fjor var med i NRK si storsatsing Da KORK kom til bygda.

– Det var stort å vere med i dette programmet, og få opptre saman med landets beste orkester, seier Chris.

– UKM lærerikt og kjekt

22-åringen har delteke på UKM fleire gonger, og fleire av åra kome vidare til fylkesmønstringa. Han er ikkje i tvil om at UKM har hjelpe han på vegen til å bli artist.

– Det å vere med på UKM gir god sceneerfaring, og ikkje minst er det veldig sosialt og kjekt, held Chris fram.

Hip hop-artisten kom i 2013 med EP`en «I Am Here» og rett før jul i fjor slapp 22-åringen singelen «Take It Home».

– Akkurat no er eg i gong med førebuingane til innspelinga av min nye EP som skal heite «A Part Of Life», fortel Chris.

Han jobbar for å utvikle seg som artist: – Eg jobbar hardt med å forbetre meg som låtskrivar og komponist, samstundes som eg lærer meg å spele diverse instrument.

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfristen for årets lokalmønstring for Hareid og Ulstein er fredag 30.januar.

– Har du eit talent så må du ikkje nøle med og melde deg på, oppmodar Chris.

Arrangørane jobbar no med å få på plass jury for både scene, utstilling og nettredaksjon.

– Vi håpar på mange deltakarar som vil vere med på å lage ei super mønstring og vere med og feire UKM som i år har 30-års jubileum, samstemmer kulturkonsulent Annika Brandal og ungdomsarbeidar Marie Flatin frå arrangøren.

Dei minner om at UKM ikkje berre handlar om dei som kan å synge, spele, danse eller lage kunst: - Vi ønskjer sjølvsagt mange bidrag innanfor desse sjangrane, men det er også rom for andre kulturformer, påpeiker dei.

Kulturelt mangfald

Har du laga ein film du ønskjer vise for eit publikum? Eller er du god til å sjonglere eller fortelje gode og morosame historier? Kanskje drama er det du kan best?

– I år har UKM eit særskild fokus på teater, som gir arrangørane av lokalmønstringane mulegheit til å sende ekstra deltakarar innanfor denne sjangeren til fylkesmønstringa, held Annika og Marie fram.

Dei understrekar at mulegheitene er mange, også innanfor utstilling. Det mest vanlege er måleri, teikningar og fotografi, men slik som i fjor stilte til dømes ein deltakar med ei 3D-origamiutstilling laga av tre, papir, lim og piperenserar. Det er berre fantasien som avgrensar!

Påmeldingsfrist er altså 30. januar, og i forkant av sjølve mønstringa planlegger arrangøren ein Kick Off der deltakarane får treffast og får informasjon om årets kulturmønstring for Ulstein og Hareid.

– Dette vil dei påmeldte få nærare informasjon om, avsluttar arrangørane ved kulturkontoret i Ulstein.

FAKTA

UKM (Ungdommens Kulturmønstring) er mange små lokale festivalar der ungdom kan delta med ulike typar kulturuttrykk.

UKM har 30-års jubileum i 2015.

Ulstein og Hareid har felles lokalmønstring i Sjøborg kulturhus laurdag 7.februar, og det er muleg å melde seg på med alt frå ulike typar sceneinnslag, film og i nettredaksjon – til programleiar, i kunstutstilling og som arrangør.

Lokalmønstringa er for barn og ungdom i alderen 10-20 år, men dei som blir valt til å representere kommunane under fylkesmønstringa må vere frå det året ein fyller 13 år til det året ein fyller 20 år. (I ei gruppe må halvparten vere mellom 13-20 år for å ta del på fylkesmønstring).

Årets fylkesmønstring er 17.-19. april i Herøy kommune.

For meir informasjon: www.ukm.no eller ta kontakt med Ungdomsarbeidar Marie Flatin på Facebook eller epost: marie.flatin@ulstein.kommune.no