Billettane til Vassendgutane sin konsert på Melshorn Hotell på Hareid 7. februar forsvann raskt. Difor har hotellet og Flan Booking bestemt seg for å setje opp ein ekstrakonsert med det populære bandet. Denne konserten vert kvelden før, fredag 6. februar.

- Dermed får enda fleire oppleve det fantastiske bandet frå Ørsta, seier Marit Kleppe i Flan Booking.