Fredag 30. januar kan alle som er glade i friluftsliv utfalde seg saman med Trimgruppa i Hjørungavåg. I høve Friluftsåret 2015 inviterer dei på tur med ei rekkje aktivitetar som fakkeltog, natursti, konkurransar, bålbrenning samt overnatting ute.

- Det kjekkaste er kanskje at born og vaksne får vere saman i ein sosial setting som ikkje er daglegdags. Vi vonar at flest mogleg vil ta seg tid til å vere saman med oss, og få oppleve naturen nært på etter at mørket har falle på, seier Ottar Pilskog i Hjørungavåg IL.

Pilskog fortel at dei har funne ein fin og lun samlingsstad i ope lende med skog rundt:

- Dette er ein ypparleg stad for bålbrenning og med avskjerming av skogen for overnatting, seier han.

Dei som vil vere med på aktivitetane, men ikkje vil overnatte, kan gå ned same vegen som dei gjekk opp eller fortsette om Liaråsa og Øvstegardsråsa.

- Råsene er opptrakka og fine å gå i. Alle er velkomne, seier Ottar Pilskog som er kontaktperson for dette arrangementet.

Trimguppa hadde opphaveleg sett opp ein tur i Liaråsa søndag 1. februar i Liaråsa, men denne vert i staden slått saman med dette arrangementet.