- Vi vil gjerne vise fram den flotte barnehagen vår til alle interesserte, fortel dagleg leiar Elisabeth Warpe i Gnist Holstad.

Det vil bli ein aktivitetsdag for alle, og både barn, vaksne og eldre folk er velkomne.

På programmet sønsdag står blant anna leik på uteområdet, formingsaktivitetar inne, songstund for dei minste og pølse- og pinnebrødstund i gapahuken.

- Vi har store flotte lokale, og eg trur nok det er ein del bygdefolk som lurer på korleis her ser ut. Dei er hjarteleg velkomne, seier Warpe.

Noko av målet med den opne dagen er at personalet skal få vise fram både barnehagen og uteområdet, og få fortelje om det pedagogiske innhaldet.

- Søndag er her ope for alle som har lyst til å ta seg ein tur. Men ta med varme klede til å vere ute i, oppmodar Elisabeth Warpe.