– For borna var det nok stor stas å få syne fram barnehagen sin til mamma og pappa, trur leiar ved Gnist Holstad, Elisabeth Warpe.

Sjølv var ho travelt oppteken med å vise foreldre og andre interesserte rundt i den store barnehagen som per i dag gir eit tilbod til 155 born.

– Og vi tek gjerne i mot fleire, inviterer Warpe.

Barnehagen har hatt open dag tidlegare også, men då gjerne på ettermiddagstid.

– Å bruke søndagen til dette synte seg å vere midt i blinken, seier Elisabeth Warpe, som fortel at enkelte stod klar til å besøke barnehagen ein halv time før arrangementet eigentleg tok til.

I det strålande veret var det mange som hadde valt å legge søndagsturen til barnehagen.

I tillegg til å sjå korleis borna har det på barnehagen fekk dei besøkjande også snakke med dei som jobbar der. Det var også høve til å grille pølser, vere med på formingsaktivitetar og songstund og ta del i forskjellige leikar på uteområdet.

Meir å lese i papiravisa på tysdag