Laurdag 28. februar er vi så heldige å få besøk av Gunnar Danbolt. Med bakgrunn i si nyaste bok vil han halde foredrag for oss om tendensar i norsk samtidskunst etter 1990. Foredraget vil finne stad i kinosalen på Sjøborg.

Gunnar Danbolt (f. 1940) er professor emeritus i europeisk kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Han har skrive ei rekkje bøker og artiklar om måleri og skulptur frå antikken, middelalderen og renessansen, og om moderne kunst, kunstteori, kunsthandverk og barnekultur.

Sidan hausten 2003 har Danbolt, saman med Nina Skurtveit, laga radioprogrammet «Kunstreisen» på NRK P2, der dei har teke føre seg eldre og nyare kunst i samlingar og utstillingar i Europa og USA. I 2007 vart Danbolt utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for kunstformidlinga si og i 2010 fekk han Per Sivle-prisen for bruk av nynorsk målføre i boka om Norsk Kunsthistorie.

Frå modernisme til det kontemporære

I foredraget vil Gunnar Danbolt ta utgangspunkt i si nyaste bok, «Frå modernisme til det kontemporære – Tendensar i norsk samtidskunst etter 1990». I denne boka gir Danbolt oversikt over trendar og utviklingstrekk i den norske kunstverda dei siste tjue åra. Den nye kunsten etter 1990 vert ikkje lenger kalla moderne eller postmoderne, men contemporary eller kontemporær. Dette har vorte eit nytt internasjonalt uttrykk for tendensar i kunsten dei siste tjue åra, men kva det inneber er ikkje eintydig, og det er det Danbolt vil sjå nærmare på. Trendane vert presentert gjennom kunstnarar og deira verk, og sett inn i ein kunstteoretisk kontekst. Det vil verte mogleg for publikum å kjøpe boka etter foredraget.

Gunnar Danbolt er ein svært ettertrakta formidlar i fleire forum. Han er ein oppteken mann med stadig nye prosjekt på gong, og er stadig å finne på kunstreiser både i Noreg og i resten av Europa. Ulstein kunstlag er derfor svært glade for at vi endeleg får han på besøk, og håper mange vil nytte høve til å verte betre kjend med eit levande kunstleksikon!