Torsdag 5. mars kjem sjølvaste generalsekretæren i Norges Naturvernforbund, Maren Esmark, til Hareid.

På møtet, som vert halde på Melshorn Hotel,  vert det eit sterkt fokus på villaksen. Den har Norge eit internasjonalt ansvar for.  Både den og fleire andre artar i det marine miljøet er under aukande press. Kampen om naturressursane påverkar både storpolitikk, matproduksjon og nære naturopplevingar.

Oppdrettsnæringa har fått mykje kritikk for korleis dei har påverka økologien i sjø og vassdrag. Til møtet i Hareid kjem òg representantar frå oppdrettsselskapet Marine Harvest. Dei vil svare på nokre av utfordringane frå Naturvernforbundet.

- Vi veit at dette er spørsmål mange er opptekne av, og det verte høve til å gje både Naturvernforbundet og oppdrettsnæringa ros og ris i eit kort ordskifte. Møtet er ope og det er fri entre, fortel initiativtakar Kersti Hasund.

«Levande hav, kyst og vassdrag» er temaet for generalsekretær Esmark som har arbeid med marinbiologi og naturforvaltning i fleire år. Før ho vart tilsett i naturvernforbundet var ho havmiljøkoordinator i WWF-Norge.

Vil starte lokallag

- Naturvernforbundet har per i dag ikkje noko lokallag i Ulstein, Hareid eller Herøy. Men det har eg lyst å prøve å få starta opp, seier initiativtaker Kersti Hasund.

- Det er 30 medlemmer i disse nabokommunane. Målet mitt er å verve fleire, og etter planen vil det bli stiftet et nytt lokallag her etter det opne møtet, seier Hasund.

I 2014 feira Norges Naturvernforbund 100-årsjubileum. I 100 år har ildsjeler over hele landet stått på for vern av trua artar og verdifulle naturområde. I inngangspartiet til Melshorn hotell heng ei flott fotoutstilling, som presenterer Naturvernforbundets arbeid gjennom 100 år.