Komande søndag vert det god gammaldags torskemiddag på Adolfbuda i Gjerdsvika. Dugnadsgjengen har «fått napp» i ein solid leveranse med vintertorsk frå fiskemottaket på Sandshamn, og gler seg til å hente grytene ned frå hylla igjen. Herremåltidet i den ramsalte samlingshuset i Gjerdsvika har etterkvart blitt ein god tradisjon.

– Vi har hatt same meny i alle år; torsk, kams, lever, rogn. Det syner seg at torskemiddagen er veldig populær. Her er folk som møter opp i god tid for å sikre seg ein fin plass, seier Paul Endre Sætre i styret for Adolfbuda.

Dei betalande gjestene set pris på å sleppe beina i fisken, så det har ein halde fram med. På potetene har ein Sandefjordsmør. Fantastisk godt! Den som ønskjer det kan også få fiskesuppe før eller etter middagen, og sjølvsagt har ein kaffi og eit rikt utval kaker til den som vil gje seg tid til ein drøs.

- Vi opplever at folk kjem langvegs frå. I tillegg har vi lukkast med å engasjere veldig mange bygda til denne fellesdugnaden, opplyser arrangørane, som fortel at det er også  betalingsterminal i Adolfbuda. I fjor vart bordkapasiteten auka, noko som gav 60 nye plassar.

Leif-Ole Stokseth er sjefskokk denne dagen. Han har med seg mange dyktige medhjelparar som står klar til å gje besøkande god traktering.