Førstkomande laurdag, 28. februar, blir det open dag på kulturskulen i Ulstein. Alle som har lyst til å sjå nærare på kva som skjer på kan ta turen til skulen sine lokale på Reiten i Ulsteinvik.

Dei startar med ein minikonsert i Reitensalen og fortset med messe og stand med skulekorpsa og orkesteret Ytre strøk.

Etterpå kan alle som vil besøkje undervisningsromma, prate med lærarane og prøve forskjellige musikkinstrument og sjå kor kjekt dei har det på Reiten.

– Opplegget er hovudsakleg retta mot dei som ikkje veit kva som skjer på Kulturskulen og aldri har vore der og sett, seier musikklærar Peter Demirov.

Så om barnet ditt vurderer å byrja på kulturskulen, kan det vere verdt å ta seg ein tur.

Det blir enkel servering.