Sidan oppstarten i 1963 har bokbåten Epos vitja utkantstader med bøker og kultur i dei tre vestlandsfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland.

I morgon, fredag 27. februar, legg bokbåten Epos ut på si siste reis i Sogn og Fjordane etter at fylkestinget før jul bestemte seg for å avvikle drifta der i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune vil likevel freiste å vidareføre tilbodet saman med Hordaland.

Fylkesutvalet i Hordaland har allereie bestemt seg for å vidareføre drifta av båten og 4. mars skal saka opp i Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal.

- Bokbåten er viktig

- Bokbåten representerer ei svært viktig teneste for Møre og Romsdal. Stabil bruk og stor entusiasme for tilbodet viser at det bør sikrast som tilbod også for framtida, skriv fylkeskulturkontoret i si vurdering av saka. Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik tilrår at Kultur- og folkehelseutvalet å gå inn for å vedta eit vidare samarbeid om bokbåttenesta saman med Hordaland fylkeskommune frå september 2015.

Dei ber også om at det vert arbeidd politisk i Møre og Romsdal for å få driftstilskot til bokbåten inn på statsbudsjettet. Ved å få i stand eit spleiselag mellom stat og fylkeskommune, vonar fylkesrådmannen at bokbåttenesta får eit løft samstundes som drifta vert meir føreseieleg.

I dag har Møre og Romsdal eit budsjett på 1,8 millionar kroner for å drifte bokbåten.  Av dette utgjer leigekostnadene 790.000 kroner. Med ein modell som omfattar to fylke i staden for tre, er auken i årlege leigeutgifter rekna ut til å verte rundt 160.000 for Møre og Romsdal sitt vedkomande.