Påmeldinga til årets Herøyspel  opnar 1. mars.  Påmeldingsskjema finn du på nettsida til Herøyspelet.

Styret med styreleiar Robert Voldnes i spissen sparkar no i gang årets sesong – den 24 i rekkja.

- Det går nok ein gong mot lysare tider, mot sommar og Herøyspel. Sjølv om det er ei stund att til juli er alltid våren ei hektisk tid med planlegging og tilrettelegging fram mot det som for mange er sommarens høgdepunkt - Herøyspelet «Kongens Ring» seier Voldnes.

No er det igjen tid for å mobilisere gamle og nye aktørar til årets spelhelg.

Ein givande kulturdugnad

Det er mykje folk i sving på Herøy Gard,  kring Amfiet og på kaier og parkeringsplassar under Herøyspelet. Mange funksjonar skal fyllast – som parkerings- og kaivakter, kiosk- og kjøkkenmedarbeidarar, teknisk personell,  sminke og kostyme, folk på billett, økonomi, service og salsfunksjonar.  Og ting skje både før og etter spelet.

- Anten du ynskjer ei rolle i sjølve spelet eller du vil delta som funksjonær i ei av servicegruppene er det berre å melde seg på. Her finns plass for alle som vil delta, og alle deltakarar er like viktige i denne storstilte kulturdugnaden.  Men det er viktig at alle no nyttar påmeldingsskjemaet som ligg på nett.  Dei som styrer med listene er avhengig av at det gjerast.  Ingen kan gjette seg til om akkurat DU vil vere med eller ikkje.  Ev. ta kontakt med Linn Therese Sævik eller Knut Marius Leine som er vert ansvarlege for listene om du ikkje har datatilgong.

For publikum gjeld det allereie no å sette av fyrste helga i juli, oppmodar Voldnes.

Drahjelp frå Myren

Nytt i år er at stiftinga Herøyspelet ikkje har eigen dagleg leiar.  Det er styret som sidan i haust har administrert spelet i lag med mange dyktige og dedikerte komiteleiarar.

Styret veit at det vil dra seg til utover våren, og har difor velt å kjøpe  koordinator-bistand frå Torill Myren som gjennom sitt nystarta føretak Ekkoloddet AS vil bistå spelet framover.  I tillegg til å bistå med koordineringsoppgåver, vil Torill si kompetanse og erfaring innan media bli nytta i den vidare utviklinga av spelet si marknadsføring.

- Til årets sesong vil vi difor sjå nærare på kva muligheiter som er når det gjeld vidare utvikling av vår kommunikasjon,  mellom anna gjennom enda større bruk av sosiale medier.  Det er viktig at vi tek i bruk alle relevante kanalar for å marknadsføre spelet og opplevingane på «sagaøya Herøy» på ein best mogleg måte avsluttar styreleiar Robert Voldnes.