1. mars er det 50 år sidan Hareid Rotary Klubb vart starta, og denne helga feirar dei seg sjølve.

Dei første åra var det mange i bygda som i litt hånande ordelag kalla Rotary for ein «gutteklubb for vellykka forretningsmenn». Rotary-rørsla vart oppfatta som eit litt lukka miljø, der menn kom saman for å skaffe seg nettverk. Litt sanning var det nok i dette. I alle fall internasjonalt og i byane. Men den som les den ferske jubileumsboka til Hareid Rotary Klubb, ført i pennen av Sverre Bjåstad, kan ikkje anna enn bli imponert over arbeidet som klubben har lagt ned gjennom femti år. Både internasjonalt og lokalt.

Internasjonalt har klubben på Hareid løyvd store summar til «Polio Pluss», eit prosjekt der målet er ei poliofri verd. Lokalt har klubben engasjert seg i både store og små prosjekt, og over alle ragar Rotarystien og kvernhuset.

Guttorm G. Hareide var ein velkjend rotaryanar. I jubileumsboka er han sitert på at kameratskap er viktig men at det må foredlast, og at det må skapast eit miljø for rotaryansk tankegang: Gjere noko for andre. Mottoet til Rotary er «Å gagne andre». Den som les jubileumsboka vil sjå at det har Hareid Rotary Klubb gjort.

Og at klubben i 1996 vart opna for kvinner, har vore til gagn for miljøet i Hareid Rotary.