Ein analyse av båtborda som stod på søraustveggen av Andreas-naustet på Hareid for inntil eit par år sidan, slår fast at båten truleg vart bygd vinteren 1712-13.

- Og i så fall er dette kanskje den eldste båten i landet som ikkje har vore i jorda, kunne Håvard Hatløy og kommunalsjef i Hareid, Oddbjørn Grimstad, fortelje under ein pressekonferanse på Ishavsmuseet fredag føremiddag.

Hatløy, som er avdelingsleiar ved Herøy kystmuseum, tok ned båtborda frå nasutveggen og fekk dei opphengt på ein vegg i Ishavsmuseet i Brandal.

Dendrokronologisk analyse

Det var ein dendrokronologisk analyse ved NTNU, utført av Terje Thun, som avslørte at ”Andreas-ottringen” er over 300 år gamal.

I gamal tid var det vanleg at båtar som ikkje lenger var sjødyktige, vart nytta i andre byggverk – som naust og låvebygningar.  Analysane slår fast tre fellingstidspunkt:  ”etter 1704”, ”etter 1706” og ”etter 1712”. Sidan båtsida er komplett, er det då den siste tidfestinga som gjeld for byggeåret, som truleg var vinteren 1712-13 eller like etter.

Kommunalsjef Oddbjørg Grimstad opplyste at Andreas-naustet vart bygt tidleg på 1800-talet, før utskiftinga. Båtborda på søraustveggen viser at båten vart bygd etter snidbetningsmetoden. Båten er dermed den eldste båten vi veit om som er bygd etter denne metoden.

Andreas-naustet vart Sefrak-registrert i 1986, som svært verneverdig – og då det kom påtrykk om å få naustet fjerna frå industriområdet det no stod på, vart det teke kontakt med Ishavsmuseet, som sa ja til eit samarbeid:

- Vebjørn hadde ein ledig vegg, fortalde Oddbjørn Grimstad.

- Ein genistrek

Snidbetningsmetoden utvikla seg på Sunnmøre og i grenseområda nordover til Romsdal. Hatløy forklarte ordet med ”skråbotning”. På veggen i Ishavsmuseet kan ein sjå at borda i den 13 meter lange båten ”knekk” av i midtpartiet og skrånar nedover.

Det eine var at båten på den måten vart sterkare enn om borda berre hadde gått rett fram i heile lengda. Det andre var at forma vart optimal til den bruken båten hadde:

- Snidbetningen var ein genistrek som viser at båtbyggarane alt på den tid visste å løyse oppgåvene på ein utruleg måte, sa Hatløy, som trudde at dei hadde nokre overordna mål med desse båtane: - At dei skulle kome velberga heim med mest muleg fisk. - Her på Sunnmøre må vi langt ut for å finne fisk. Det verste havet har vi frå Stadt og nordover. Sjøforholda var avgjerande for kva båtar dei dyrka fram. Dei var ute etter båtar som kunne føye seg i sjøen som ein ål. Snidbetningen tok sjøen godt, slik at han forsvann under skroget.

Då Hans Strøm skreiv om denne båten i 1762, skildra han alt nøye, med unntak for korleis fjølene stod til kvarandre.

Den siste snidbetningen ein kjenner til var ein båt på Stranda kring ca 1920. Vi veit ikkje kvifor denne byggemetoden fall bort, men Hatløy såg ikkje bort frå at innføringa av oppgangssaga kan ha ført til at ein då begynte å bygge annleis.

Snidbetningen var den største opne båten i si tid. Då det i 1812 vart aktuelt å sende båtar til Danmark for å hente korn, fekk futen Andreas Landmark i Brandal ordre frå Bergen om å skaffe 50-60 båtar.

Hatløy trudde også at nærleiken mellom dei som fiska og dei som bygde båtar var ein grunn til at båtbyggekunsten på Sunnmøre var på topp alt i den tida. Folk i fjordbygdene hadde skog – og dei fiska. – Når det er så nært, skjer det ei utvikling.