- Vi har verkeleg jobba for denne prisen, sa Fredrik Bjåstad då han tok i mot blomar og ein sjekk på 10.000 kroner. Buketten og pengane var eit synleg prov på at Bigset Ungdomsklubb er vinnaren av Hareid sin ungdomskulturpris for 2014.

Varaordførar i Hareid, Dag Audun Eliassen og banksjef Melinda Skeide ved Sparebanken Møre sitt kontor på Hareid, stod for overrekkinga som fann stad i samband med Ungdommens kulturmønstring på Sjøborg i Ulsteinvik laurdag kveld.

Klar kandidat

- Vi hadde mange gode kandidatar å velge i mellom og dei syner den store breidda og innsatsen som vert gjort innan kulturarbeidet i Hareid. Det var likevel ein kandidat som merkte seg klart ut. Prisvinnaren har vore godt synleg dei to siste åra. Det ligg svært mykje dugnadsarbeid bak etableringa av ungdomsklubbben som no har gitt ungdomen ein stad dei kan samlast, sa Eliassen då han presenterte prisvinnaren.

Han trekte fram Fredrik Bjåstad er ein av dei som har gjort ein særskild verdifull innsats for å få dette nye tilbodet på plass, og det var også han som fekk æra av å ta i mot prisen på vegne av klubben.

Bjåstad nytta høvet til å ønske alle velkomne til å ta ein tur til lokala deira i Bigset Kulturoase, gamleskulen på Bigset, for å sjå nærare på arbeidet som vert drive der.

Bigset Ungdomsklubb held ope kvar laurdag. I går kveld var sjølvsagt kulturprisen feira på klubben med gratis pizza og stor stemning.