I 2014 var det heile 7.084 besøkjande på det populære turmålet Uglesætra på Dimnøya. Det kan Bjarne Røren melde.

– Det er det største turområdet i regionen, målt i talet på besøkjande, med oppgang frå Gjerdsbakkane, Dimna, Skogstranda, Ertesvågområdet og frå Støylen, fortel Røren.

Takksame for pengane

No er 100 skilt er produsert opp, og nesten alle er på plass langs dei ulike vegane til det særs populære turmålet Uglesætra på Dimnøya.

60.000 kroner har blitt løyvd frå Sparebanken Møre og Sparebank 1 til skiltprosjektet, i tillegg til vedlikehald av Uglesætra, og no er 100 skilt anten sett på plass ute i løypene, eller snart på plass.

– Det har vore skilta der før, men då med mindre skilt, som har tolt vêret dårleg. Denne gongen er skilta av ein særs god kvalitet, og teksten har blitt fresa ut maskinelt. Vi har jobba med dette i eitt år no, og har trua på at det vil sikre turgåarar god informasjon, heile vegen fram til Uglesætra, seier Røren.

Han har jobba frivillig med prosjektet saman med Olav Dimmen, som saman med kona Elsa eig Uglasætra.

– Det har blitt nokre timar, men vi er godt nøgde med resultatet.

Bjarne Røren fortel at dei ikkje på nokon måte hadde kome dit dei er no med prosjektet utan tilskotet dei fekk frå Sparebanken Møre og Sparebank 1.

– Vi er svært takksame for pengane vi har fått til prosjektet. Samstundes vil eg rette ein takk til alle dei som har nytta turområdet. Dei har oppført seg veldig pent, og det er lite søppel og rot å finne langs stiane.

Ynskjer meir parkering

Røren kan som sagt melde om godt besøk på Uglesætra i 2014, og folk frå Volda, Ørsta, Fosnavåg, Ålesund, Valderøya og Giske har vore innom.

– Det er ikkje berre folk her frå øya som likar dette området. Difor er det viktig at vi legg endå betre til rette for at også fleire kan ta turen.

Difor meiner Røren at ein treng meir parkering, først og fremst på Skogstranda.

– Dette er eit populært mål for mange, og vi har vore i kontakt med kommunen om å få til ein større parkeringsplass på Skogstranda, der dei fleste som kjem frå andre stader parkerer. Elles har Hasundgot IL planar om å merke stiane til Høgåsen, men dette arbeidet har ikkje kome i gong enno. Med alt dette vil Dimnøya bli eit endå finare turområde, forsikrar Røren.