Korleis er det å halde ei fele? Greier eg å få lyd i denne fløyta, skal tru? Mange nytta høvet til å verte betre kjende med både ulike instrument og med kulturskulen sine tilbod då Ulstein kulturskule inviterte til open dag laurdag.

– Vi vart heilt i sjokk då vi såg kor mange som kom, smiler ein lettare overraska musikkskulerektor, Astrid Dagestad.

Vil ha med fleire

Målet med å arrangere open dag er naturleg nok å få fleire til å nytte seg av kulturskuletilbodet.

Sjølv om det framleis er ventelister på einskilde undervisningstilbod ved Ulstein kutlurskule, opplever dei ein viss nedgang i talet på søkjarar i høve til tidlegare.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå foreldre om at dei tykkjer tilbodet vert for dyrt, medgir Dagestad.

Dyrt eller ikkje, elevpengane er det våre lokale politikarar som avgjer, men skal ein dømme etter oppmøtet i skulelokala på Reiten på laurdag, er i alle fall interessa så avgjort til stades.

Minikonsert

Den opne dagen vart starta med ein minikonsert der elevar frå alle instrumentgrupper, frå blåsarar til trekkspel, fekk syne fram kva dei er gode for.

Etter konserten fekk dei frammøtte høve til å rusle rundt i dei ulike romma og salane for å finne ut meir om kva tilbod ein kan få på kulturskulen og kanskje få prøve å spele på eit av dei mange spanande instrumenta. Her var også ballettdansarar i full utfalding, elevane ved Kreativ verkstad hadde stilt ut nokre av arbeida sine og representantar frå dei tre skulekorpsa i kommunen, Ulsteinvik, Haddal og Hasund/Dimnøy, reklamerte for sine respektive korps.

Kulturskulen tek seg av opplæring av korpsaspirantar, men ønskjer også å halde fram med å undervise musikantane etter at dei har fått etablert seg i korpset. Skulen underviser også medlemmer i trekkspelklubben og i strykeorkesteret Ytre strok.

– Vi føler at vi er eit tilbod som er godt synleg i nærmiljøet. I tillegg til våre eigne arrangmenet, vert vi også mykje brukt av andre, seier Dagestad.