Trieste/Ulsteinvik: I samband med den årlege, europeiske fotokonkurransen Photographer of the Year Awards som gjekk føre seg i Triseste i Italia sist helg, vart Cecilie Hatløy premiert for biletet «absent».

Det er FEP (Federation of European Photographers) som står bak Photographer of the Year Awards. Organisasjonen representerer over 50 000 profesjonelle fotografar i Europa. Prisoverrekkinga fann stad seint søndag kveld 1. mars med høgtideleg overrekking i Teatro Verdi i Trieste.

Fotograf Cecilie Hatløy starta sitt eige studio i Ulsteinvik i 2010, Lykkeliten Studio. Ho har spesialisert seg innan nyfødt- og babyfotografering.

Fleire andre norske fotografar fekk også premier i Trieste søndag kveld, nemleg Frida Bringslimark, John André Aasen og Jon Klasbu.

Styreleiar i Norges Fotografforbund, Truls Løtvedt, var tilstades i Trieste og tok imot prisen på vegne av dei norske fotografane.

- Det er svært gledeleg at norske fotografar oppnår anerkjenning også i utlandet. Forhåpentlegvis kan dette vere ein inspirasjon til at vi får fleire norske bidrag til internasjonale konkurransar i framtida. Desse gode resultata for norske fotografar, i ein stor, internasjonal fotokonkurranse, vil være ein inspirasjon for andre av forbundet sine medlemmer som ønskjer å bryne seg mot resten av Europa, kommenterer styreleiaren.