Eva Worren Chambers er opphaveleg frå Fiskå, men ho har også budd i Ulsteinvik i fleire år og har familie og vener her.

I 2005  møtte ho den store kjærleiken på cruise i Karibien. Etter 2 års langdistanseforhold og tre frieri frå han som til slutt vart mannen hennar, vart ho i 2007 mrs. Chambers og flytta til Florida i USA.

–  Det var ikkje sånn at eg pakka koffertane mine og flytta til Florida med ein gong, eg tenkte meg skikkelig godt om før eg flytta til USA, seier Eva som i dag bur i Houston, Texas med advokatmannen Robert Mark Chambers Jr.

Mrs. Texas International 2015

No er ho altså aktuell som kandidat til tittelen Mrs. Texas International 2015, etter å ha blitt valt som Mrs. North Houston International 2015 av Mrs. Texas International Executive commitee i november  i fjor. Den 15. mars skal ho konkurrere i finalen mot kvinner frå heile Texas om denne tittelen.

– Dersom eg vinn finalen den 15. mars skal eg representere staten av Texas og  konkurrere  mot kvinner frå dei andre statane i USA og rundt om i verda for å kjempe om å verte Mrs. International 2015. Norge er ikkje med i denne konkurransen, så eg føler at eg også representerer Norge i denne konkurransen.

– Eg er 36 år og kunne eigentleg ikkje tenke meg å vere med på nokon missekonkurranse. Men så var det dei her i Houston som meinte at eg hadde både utsjånaden og bakgrunnen til å melde meg på, fortel Eva som til slutt bestemte seg for å melde seg på.

Litt «over the top»

– Sjølvsagt har eg lyst til å komme langt og vinne, kven har ikkje det? Amerikanske kvinner er kanskje litt «over the top» når det gjeld å konkurrere, og missekonkurransar er store saker her borte.

Strategien min er i alle fall å vere meg sjølv, vere førebudd og levere så godt som eg kan. Eg er eit konkurransemenneske som ikkje gir opp så lett, fortel Eva som også deltok i Robinsonekspedisjonen i 2003 der ho kom på andreplass. Ho har også vore i finalist i Frøken Norge. Modellerfaring har ho også fått med seg, både i Norge og i Florida og ho har også arbeidd i oljebransjen og i advokatfirma.

Då ho budde i Ulsteinvik arbeidde i ho på reisebyrå.

– Eg likte veldig godt å jobbe innan reiseliv fordi eg elskar aa reise og har reist verda rundt både i jobben og privatjob & privatfortel Eva Worren Chambers.

For å hevde seg i Mrs. International er det ikkje nok å ha eit tiltalande ytre, det vert også lagt vekt på veldedig arbeid.

– Du må ha begge deler, beauty with a purpose. Eg har valt eit prosjekt som heiter Habitat for Humanity som er eit tiltak for å skaffe rimelege hus til vanskelegstilte, og det er en International organissasjon. forklarer Eva. Dette prosjektet er det mogleg å støtte økonomisk, og Eva vil gjerne takke alle heime i Noreg som har vore med på å støtte Habitat for Humanity.

– Det er også kjempehyggeleg at eg får støtte frå nordmenn som bur her borte i Houston også. Mellom anna har fleire bedrifter som til dømes Kongsberg Maritime Inc. Støtta Habitat for Humanity. Eg må også nemne at det filippinske samfunnet her I Houston har støtta meg, seier Eva som sjølv er halvt filippinsk.

Ta kontakt på Facebook

Den som er interesserte i på komme i kontakt med Eva Worren Chambers for å få vite meir om dei forskjellige veldedige prosjekta ho er involvert og medlem  i, kan ta kontakt med henne på Facebook.

Det er eit hardt program som ventar i finalehelga rundt 15. mars.

– Det er tre kategoriar: Først intervju med 5-6 dommarar og eg anar ikkje på førehand kva dei kjem til å spørre om. Dette gir 50 prosent av poenga i finalen. Deretter gir modell- og fitnessopptrenden 25 prosent og dei siste 25 prosenta går til kategorien evening gown. Då får ektemannen følge kona si opp på scena der ho skal posere, seier Eva Worren Chambers som gler seg aller mest til Fitness- og modell konkurransen.

Men deltakinga omfattar meir enn finalehelga.

– Eg har eit fullbooka program framover. Eg skal mellom anna besøke bedrifter, sjukehus, kjøpesenter og skular og ta del på ulike arrangement for å samle inn pengar til veldedighetsprosjektet mitt, Habitat For Humanity Northwest Harris County i Texas. I samband med opptredenane mine må eg halde talar, snakke med folk og skrive autografar. Det er nesten som å vere ein kjendis, seier Eva som trur at uansett korleis det går i finalen så har ho i alle fall lært veldig mykje og møtt mange interessante menneske undervegs.

Internettavstemming

Det er også ei internettavstemming, «The people choice award», som vert avslutta 13. mars.

– Det hadde vore hyggeleg å fått støtte heimafrå også, seier Eva som tykkjer at det alltid er kjekt å kome heim til Noreg og besøke familie og vener, særleg heime på Sunnmøre.

– Mannen min er så glad i å fiske og tykkjer det er stor stas å fiske saman med far min på fjorden og i elva. Sjølv likar eg å springe og gå i fjellet. Frisk luft, lite trafikk og vakker natur er paradiset. Vi har flotte parkar i Houston & Florida, men det vert ikkje det same. Eg kan ikkje få både i pose og sekk,  ler Eva.

Dersom du har lyst til at den neste Mrs. Texas International skal kome frå Fiskå kan du nytte høvet til å stemme her