Heile bygda og truleg nokre til var på plass i Haddal grendahus sundag, då Haddal Musikkorps inviterte til storslått 40-års jubileum.

Korpset som vart skipa tilbake i 1975 hadde stelt i stand eit skikkeleg bursdagsselskap, og det var liten tvil om at dette var noko bygdefolket ville ha med seg, sjølv om kveldens konferansier ymta frampå om at slike ting kan vere ”fali det”. Det var før korpset sette i gang med Norwegian Sunset, kjent frå Flåklypa Grand Prix.

For som med opningsmelodien tok Haddal Musikkorps med seg bursdagsgjestane på ei musikalsk reise gjennom filmverda, frå norske sykkelreparatørar til himmelen over Metropolis og vidare.

Les meir om jubileumskonserten i papirutgåva av Vikebladet Vestposten.