Boka Vaffelhjarte av Maria Parr held fram å begeistra lesarar verda over. No har også amerikanske lesarar fått auga opp for den populære norske barnebokforfattaren.

Tilbakemeldingane etter at Vaffelhjarte nyleg kom ut i USA, er svært positive, fortel Samlaget.

– Det prestisjetunge litterære tidsskriftet Kirkus skriv mellom anna at romanen er «Fylt med både lystige eskapadar og gripande augneblink, og at «Parr fortel ei særmerkt historie om kor inderleg ein gut set pris på familie og venner», skriv forlaget i ei pressemelding.

Her i landet har boka om dei to bestevennene Trille og Lena resultert i både tv-serie og teater.

Nyleg blei boka også selt for utgjeving i Latvia. Til saman er Vaffelhjarte då seld til 26 land.