Hakallestranda Utvikling har fleire gode kort i ermet når dei inviterer til marknadsdag på Hakallegarden palmelaurdag, altså laurdag komande. I år er det tiande gongen bygdelaget skipar til marknadsdag.

Ikkje berre kjem Oddgier Bruaset med sine interessante historier og fylkesordførar Jon Aasen for å opne det heile. Gardsfolket har også gjort oksen «Tor med hammaren» om til saftige og smakfulle burgerar som vert lansert denne dagen.  Inntektene av burgerane skal gå til gatelys i bygda.

Det vert sal av rjomegraut, kaffi og kaker, samt ulike aktivitetar for liten og stor. Dalsfjord bluegrassband står for fengande musikk.  Søskenbarnet til Pelle Politibil kjem på besøk, og blir ein av fleire aktivitetar for barn og unge.

I den store hallen til grindløda på Hakallegarden vil det bli ein rein marknad der det vert presentert eit spekter av ulike stands.