24. mars gjekk Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 2015 av stabelen. Over 140 konfirmantar og andre friviljuge i Hareid og Ulstein besøkte dei fleste husstandar i kommunene.

I forkant av aksjonen vart det, tradisjonen tru, utfordra til konkurranse mellom Hareid og Ulstein. Dei tre føregåande åra har Ulstein vunne, med mest pengar samla inn per innbyggar. I år valde komiteen for fasteaksjonen i Hareid og Ulstein å endre konkurransevilkåra, til mest innsamla per bøsseberar i sving.

I år var det Hareid som stakk av med sigeren, både i høve til nye og gamle konkurransevilkår. Hareid fekk ny rekord med totalt kr 68.000,-, dette gjev eit snitt per innbyggar på kr 13,35 og eit snitt per bøsseberar på kr 1.332,-. Ulstein hadde sitt nest beste resultat i historia, med totalt innsamla kr 108.000,-, som gir kr 13,01 per innbyggar og kr 1.058,- per bøsseberar.

Konfirmantane på båe sider av Eidet gjorde ein god innsats, og melder at det jamt over vart svært godt tekne imot av folket i Hareid og Ulstein. Ein annan rekord i år gjekk til Peter Bjåstad, som samla inn meir enn kr 5.000,- i si bøsse. Om løyndomen bak dette utrulege resultatet ligg i godt glimt i auge eller ei god rode, er ikkje godt å seie, men truleg ei god blanding.

Aksjonen var lagt opp som ei skattejakt, der bøsseberarane jakta på kinobilletar og sjokoladar plassert i ulike hus. Så langt ein kunne telle vart alle skattane funne, til glede for finnarane.

Viktigast er det likevel at aksjonen bidrar til varig endring for nokon av dei som har minst i verda i dag. Fokuset for aksjonen har vore «vatn», og målet for Kirkens Nødhjelp er å kunne bidra med reint vatn både til mennsker i akutte kriser, og som langsiktig bistand i tørkeramma områder. Totalt kan midlane samla inn i Fasteaksjonen i Hareid og Ulstein i år, bidra til varig reint vatn for ca 900 personar. Tilgang på reint vatn er avgjerande for å leve, og i ljos av dette er resultatet noko å glede seg over. Aksjonskomiteen er glade for at både konfirmantar, foreldre og friviljuge og ikkje minst givarane stiller opp, og bidrar til å skape ei ny og betre framtid for folk i kriser.