Det klart for Påskel-LAN på Herøy Kulturhus i kinosalen. Arrangementet byrjar 1. april og varer fram til 5. april.

Denne gongen er det sett opp gratis buss til dei som bur i Ørsta- og Volda-området.

Bussen vil køyre til LAN’et på onsdagen og tilbake til Ørsta-Volda søndagen, når LAN’et er ferdig.

– På LANet vil det vere «chillrom» der ein kan sjå på film og berre slappe litt av frå spelinga. Det vil også bli laga til «sovesal». Som tidlegare LAN vil det vere utstilling av gamle datamaskiner ute i gangen. Dette har vore veldig populært tidlegare, og mange tar seg gjerne ein tur ut hit for å kome seg litt ut av den mørke kinosalen, seier styreleiar i HerøyLAN, Carl-Henrik Moltumyr

Internettet på LANet er det Tussa som stiller med. Dei har ei kjempebra linje som har ei nettverksfart på heile 500 Mbit ++. Utan internett hadde det enkelt og greitt ikkje blitt noko LAN.

– Det hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre LAN gong på gong om det ikkje hadde vore for alle sponsorane som vi har. At vi har så gode sponsorar som vi har set vi stor pris på, rosar Moltumyr.

Tidlegare har det vore mest speling av forskjellige spel. Denne gongen kjem det til å vere mykje anna som skjer i tillegg. Det vil vere mogleg å prøve seg på blant anna sumobryting. Dette vil skje med svære drakter på mjuke matter. Eit anna tilbod vil vere innandørs paintball i idrettshallen.

–  Det vil også bli moglegheiter for alle som er på LAN å få prøve det splitter nye Sunnmørsbadet, heilt gratis. Dette blir då etter stengetid, så LAN deltakarane får heile anlegget for seg sjølv! I tillegg vil det vere underhaldning på scena og påskejakt. Sunn og god mat vil vere tilgjengeleg i kiosken døgnet rundt. Dersom personar under 16 år ynskjer å delta på paintball må dei ta med seg godkjenning frå foreldre eller føresette, opplyser Carl-Henrik Moltumyr.

– HerøyLAN er eit godt og trygt arrangement for ungdom frå 13 år og oppover. Det vil seie at det året du fyller 13 år er det berre å ta turen. Arrangementet er rusfritt, så det finst ingen toleranse for rusmiddel, presiserer Carl-Henrik Moltumyr.