Det var mange som snikra trebåtar på Runde Miljøsenter i påska i fjor, for så å setje dei ut på sjøen og sjå kvar straumane førte farkosten. Miljøsenteret gjentek prosjektet i år.

Trebåtane er dein del av eit forskningsprosjekt som går ut på å finne ut korleis havstraumane går langs kysten vår. Båtane vert sett ut første påskedag og i løpet av året skal båtane sporast opp for å sjå var kyststraumane har ført dei.

Miljøsenteret legg elles opp til ei aktiv familiepåske på Runde, med både skattejakt og påskeeggjakt.

Både egga og skattane er gøymde på ulike stader på Runde, på fjellet eller i lavlandet. Kart som kan gi familiane ein peikepinn om kvar dei skal finne påskeegg og skattar, får dei  ved miljøsenteret.