15. mai slepper Vassengutane si nye plate, "Skru opp". Då Møre-Nytt møtte det populære bandet fredag, rett før dei skulle til Skeikampen for å spele på Vikingland, var karane ifølgje avisa i storslag før avreise.

I så godt humør var dei at dei ikkje la fingrane i mellom då dei skulle fortelje kva den einaste instrumentallåta på plata heiter. I følgje opphavsmann Frank Willy Utgård skulle tittelen på låten vere "Klittekløe", noko Møre-Nytt også formidla vidare til lesarane sine både på nett og papir.

smp.no spør Utgård om låten verkeleg skal ha dette namnet, innrømmer gitaristen at instrumentallåten ikkje har fått namn enno, anna enn den temmeleg interne arbeidstittelen som, ved ein inkurie får ein vel seie, vart formidla til Møre-Nytt sin utsende medarbeidar.

– Det var no litt morosamt, men eg trur ikkje vi skal gå så langt, seier Utgård til smp.no og legg til at Vassendgutane har både eit yngre og eldre publikum.

Den nye plata er, tilliks med alle Vassendgutane sine tidlegare produksjonar, spelt inn i studioet til Svein Erik Åmås i Åmdalen. "Skru opp" vert lansert i samband med stordans i Kiwihallen i Ørsta 15. mai. Det vert også lagt opp til ein eigen familiekonsert.

I følgje vokalist og bassist Sindre Aam går den nye plata i retning av dei første utgjevingane til Vassendgutane.

- Stilen liknar nok meir slik det let på dei første platene våre, no har vi stor tru på at fansen skal like plata, seier Aam til Møre-Nytt.