Det vart ein flott temakonsert på Kulturskulen tysdag kveld. Elevane hadde tatt føre seg sjangerane jazz, pop og rock og eit fint utval av dette repertoaret vart presentert. Publikum fekk oppleve gode musikalske prestasjonar og fin sceneopptreden som skapte god stemning i salen.