Ulstein vidaregåande skule er ein av ti skular i fylket som får besøk av bandet Razika frå Bergen som er på turne for Kultursekken i Møre og Romsdal.

Nokre skular har allereie fått oppleve bandet som i følgje rådgivar ved Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Maria Haukås Romuld, spelar naiv, søt skranglepop inspirert av punk og 80-talls new wave. Men i veke 17 kjem bandet til dei vidaregåande skulane i Volda, Ørsta, Ulsteinvik, Vanylven og Sunndal. I Ulsteinvik vil konserten finne stad på Sjøborg den 22. april.

Romantisk og frekt

Medlemmen i Razika er Maria Moe-Karlsen, Marie Nordøy Amdam, Maria Råkil og Embla Karidotter. Med på turneen er også Morten Smith-Lien på Saksofon og Andreas Rotevatn på trombone.

- Dei fire jentene i bandet brakdebuterte berre 19 år gamle i 2011 med albumet “Program 91“. Dei er kanskje mest kjende for singelen “Vondt i hjertet“, seier Romuld som kan fortelje at singelen er spelt 1,1 milionar gongar på Spotify.

Med tekstar på norsk og engelsk leverer hovudvokalist og -låtskrivar Marie Amdam historier som er uskyldige og opprørske, romantiske og frekke og pakka inn i eit heilstøypt og fengande fengande lydbilete. Dette i følgje Store Norske Leksikon

Det siste albumet deira vart sleppt 26. januar i år og heiter "Ut til de andre".