Musikkprisen er ei musikkonkurranse i regi av Momentium som er open for band og artistar i alle aldrar, så lenge minst eitt medlem er frå Møre og Romsdal, og artisten eller bandet deltek med eigenkomponert materiale.

Det er no plukka ut ti delfinalistar, der Chris Masters frå Flø er ein av dei. 21. april skal berre tre finalistar stå att, før vinnaren blir kåra under ei finale på Terminalen Byscene i Ålesund.

Chris Masters har mellom anna fått mykje merksemd gjennom deltakinga i "Då KORK kom til bygda".

I tillegg er duoen Marre og Uro med i konkurransen med låta Right Now. Det er Marius Ertesvåg som står som låtskrivar og produsent, medan Marthe Urke Antonsen tek seg av vokalen på elektronikalåten.

Marius Ertesvåg fortel at han fekk ein svært god start på fredagen.

- Eg visste ikkje heilt når finalistane blei offentleggjort, og etter at eg vakna i dag så har det hagla inn på mobilen. Det blei ein knallstart på dagen, fortel han.

Ertesvåg seier at planen dette året eigentleg var å gje ut ein EP i løpet av året der han samarbeider med lokale artistar.

- Det var mamma som fekk meg til å sende inn eit bidrag til Musikkprisen, og det har jo gått bra til no, slår Ertesvåg fast.

No håpar han på at Marre og Uro kan vere ein av delfinalistane som tek seg heilt fram til superfinalen.

Vinnaren blir kåra gjennom avstemming og jurystemmer, som kvar tel 50 prosent. Årets jury er sett saman av: Asbjørn Slettemark (musikkjournalist), Kristin Winsent (musikksjef NRK P13), Kathrine Synnes Finnskog (direktør Music Norway), Terje Erstad (Momentium/Ocean Sound Recordings), Renate Havnen (Amfi), Eirik Melling (Sunnmørsposten) og Linda Rafteseth Grimstad (Sparebanken Møre).

Vinnaren av Musikkprisen 2015 får spele inn plate i Ocean Sound Recordings, samt spele under opningskonserten under Jugendfest på Color Line Stadion.

Sjå alle delfinalistane på Musikkprisen sine sider.