I morgon held Bigset Blandakor kyrkjekonsertar, først i Volda kyrkje, og deretter med kveldskonsert i Hareid kyrkje.

Laurdag har koret gjennomført generalprøve, og prosjektdirigent Svein Eiksund fortel at mange solistar og aktørar har blitt utfordra ut over sine

komfortsoner.

– Dette er den mest sjangermetta kyrkjekonserten eg har vore med på, og det byrjar å bli ein del. Det er som eit koldtbord av kyrkjemusikalske rettar, seier Eiksund.

Det er forfattar og journalist Leiv Arne Grimstad som har laga ei historisk blanding frå gregoriansk kyrkjemusikk, via renessanse, Bach og Händel til Åge Samuelsen, Hovland, Elvis, Ole Paus, Johannes Kleppevik, Svein Møller og J.H. Grimstad.

– Gjennom sine personlege ”progressive” briller har han forsøkt å teikne dei store kyrkjemusikalske linene, fortel Svein Eiksund.

Det historiske blir framført av Ole Frank Bakken og Ingvil Eilertsen Grimstad, medan tonefølgje er ved Peter Demirov.