Søndag gjestar to av landets fremste etablerte og yngre instrumentalistar Fosnavåg konserthus.

Cellist Audun Sandvik er kjend fra programma Hovedscenen og "Da KORK kom til bygda" som solocellist i KORK og i Det norske kammerorkester.

Saman med pianist Sveinung Bjelland, som har gjort seg gjeldande både med ei rekke solo-CDar og som solist og kammermusikar, vil han framføre det ein kallar kjernerepertoaret for cello og klaver.

Publikum får både smektande vakker musikk, dramatikk og musikk som rommar dei store kjenslene. Dei har valt eit for musikarane teknisk og emosjonelt utfordrande repertoar. Men cellosonatane av Rachmaninov og Sjostakovitsj er også uendelig vakker og svært høyrevenleg musikk.

Når utøvarane i tillegg har velutvikla evner til å kommunisere med publikum, både musikalsk og verbalt - skulle turneen ha alle mogelegheiter til å bli vellykka. Publikum er i dei beste hender og kan roleg setje seg ned og berre lytte.