Bigset Blandakor, som rundar av koråret med ein Roma-tur siste helga i mai, har fått melding om at dei får synge i sjølvaste Pantheon.

Koret har nettopp hatt to vellykka framføringar av kyrkjekonsertprogrammet ”Akk, mon min vei” i Volda og Hareid kyrkjer, og vil bruke ein del av stoffet derifrå når dei inntek «Den evige stad».

Koret skal synge under messa i Pantheon laurdag 30. mai  – og deretter halde ein times konsert. Dei har også fått tildelt øvingstid tidlegare på dag.

Dirigent Svein Eiksund, som har lang røynsle med korturar utanlands, var i Roma også i fjor – med Moljegapet Blandakor, som han også dirigerer. Då vart dei innlemma i opplegget «Vivere in musica» der den katolske kyrkja prøver å fremje den heilage kormusikken. Bigset Blandakor får del i dette opplegget og får laga både plakatar og trykt eit eige program til konserten i Pantheon.

Firedagarstur

Bigset Blandakor reiser frå Vig-ra grytidleg om morgonen torsdag 28. mai og returnerer søndag 31. mai. Koret har hatt 30 aktive songarar under inn-øvinga av «Akk, mon min vei» dette koråret – og av desse er 27 med til Roma. Nokre ektefellar er også med.

«Biggest mixed choir»

Koret, som i korrespondansen med dei italienske kontaktene kom til å heite «Biggest Mixed Choir», vil nytte dei siste øvingane  før avreisa til å finpusse dei aktuelle salmane. I Pantheon vil alle salmane bli sungne utan akkompagnement.

Eit spesielt gudshus

Pantheon – «alle gudars tempel» – vart reist av anten keisar Hadrian eller keisar Trajan kring år 120. I år 609 fekk pave Bonifatius VI tempelet som gåve av den bysantinske keisar-en Fokas – og innvigde det til   Maria-kyrkje. Paven nytta overtakinga til å lagre 28 vognlass med relikviar av kristne martyrar i Pantheon sine katakomber – og frå no av heitte tempelet «Santa Maria ad Martyres».

Kuppelen er den største som vart reist i romartida. Arkitekten Filippo Brunelleschi skal ha klatra opp på taket for å studere bygningsteknikken då han planla utforminga av den berømte kuppelen i katedralen i Firenze.