Vanlegvis må ein reise til Berlin eller New York for å oppleve noko tilsvarande. Men denne helga kan bileta til kunstnarikonet Andy Warhol opplevast på nært hald, så å seie utanfor di eiga stovedør.

Difor var det kanskje litt pussig at ikkje fleire hadde møtt fram då utstillinga på Galleri Hugo Opdal på Flø opna dørene tidleg laurdag ettermiddag. Ei handfull sjeler hadde samla seg og litt etter litt kom det fleire sigande.

Galleristyrar Audun Hopland let seg ikkje affisere så veldig av at trengsla ikkje er direkte påtakeleg.

– Vi opnar vanlegvis utstillingane våre på søndagar. Laurdagane er folk gjerne opptekne med så mykje anna. Men vi hadde berre desse to dagane å gjere det på, så då måtte vi nødvendigvis ha opninga på ein laurdag, forklarer Hopland.

Han reknar med at publikum vil nytte seg av dette sjeldne høvet til å ta bileta til Andy Warhol nærare i augesyn og at besøket difor vi ta seg opp på søndag.

Flokken som hadde droppa både laurdagshandel og helgavask til fordel for galleribesøk fekk med seg eit miniforedrag om Andy Warhol. Gunnar Krogh-Hansen frå Blomqvist Kunsthandel kunne mellom anna fortelje at Warhol verkeleg måtte arbeide for å slå gjennom som kunstnar.

Sjenert og homo

– Warhol hadde bakgrunn som reklameteiknar og freista å kombinere reklame og kunst, noko som vart uglesett då han starta med dette på 50-talet. I tillegg var han svært sjenert og forsiktig av seg. Han var også homofil, noko som ikkje akkurat var så greitt den gongen, så han hadde vanskar med å nå fram og ut med kunsten sin i starten, fortalde Krogh-Hansen.

Trass i eit litt dårleg utgangspunkt, der dei første utstillingane hans vart slakta av kritikarane, gav han ikkje opp. Måten han tok populærkulturen inn i kunsten på vart etter kvart ein viktig del av den amerikanske kulturidentiteten.

– I dag er Andy Warhol den kunstnaren som det vert omsett mest for i verda. Berre i fjor vart Warhol sine bilde omsett for 4,5 milliardar kroner, så det er ein kjempeøkonomi knytt til denne kunstnaren, sa Gunnar Krogh- Hansen.

Fjøretur og galleribesøk

To av dei som var til stades i samband med opninga var Ingrid Hagen og Marthe Li som hadde tatt turen sør om Breisundet.

– Vi har gått tur i fjøra og runda det heile av med galleribesøk. Ein bra kombinasjon. Det er flott at det går an å få oppleve slike store namn også på våre kantar, seier Ingrid Hagen som gjerne tek turen til Flø når det er kunstutstillingar her ute.

Utstillinga er open laurdag og søndag denne helga og er eit samarbeid mellom Studio Hugo Opdal og Blomqvist Kunsthandel.