Eit sikkert vårteikn er duren av amerikanske køyrety på veg til og frå amcar-mønstringa i Herøy 1. mai. I år er heller ikkje noko unntak.

- No er det atter vår i landet, og det er på tide å få alle amerikanske glis uti sola. Ta fram den gamle klassikaren din eller den nye modellen frå i fjor og vis den fram på Vårmønstringa 1. mai, oppmodar Tonny Sørdal, president i foreininga Amcar Ytre Sunnmøre.

Det er 31. gongen at Amcar Ytre Sunnmøre inviterer til vårmønstring 1. mai.  I år er treffet flytta tilbake til området ved Herøy Kulturhus.

- Alle amerikanske bilar og sykler kjem gratis inn. Tidlegare har vi hatt 400 kjørety og over 4000 personar innom portene denne dagen, seier Sørdal.

Han fortel at dei som løyser billett også får tilgang til Sunnmørsbadet sitt badeland. Elles vert det høve til å ta ein tur med helikopter, det vert besøk frå Harley-klubben HOG Chapter Nordvest og i tillegg vonar arrangørane at dei får besøk av nokre store, flotte amerikanske trailerar.

Det vert dessutan ei eiga utatilling med modellbilar der den som vil kan ta med sine eigne modellar og syne fram.

Arrangørane fortel elles at det skal delast ut store, flotte premiar - frå USA - i heile 19 klasser.