Måndag kveld kjem lokalhistorikar Jan Olav Flatmark til Hareid folkebibliotek med eit fotoforedrag over tyskarane sine eigne bilete i frå krigen slik den utarta seg her på Sunnmøre.  Flatmark har opp gjennom tida samla tusenvis av bilete tatt av tyske soldatar under andre verdskrig.  I samlinga er det bilete blant anna i frå Hareid kommune.

Det er i år syttifem år sidan tyskarane okkuperte Noreg, men vi har ikkje høyrt mykje om korleis dei tyske soldatane hadde det den tida dei var utkommandert. Flatmark som no er pensjonist, vart fødd i Ålesund i 1954, der han tidlegare  var brannmann. Han er no busett i Brattvåg og går for å vere den som kjenner krigshistoria i Møre og Romsdal aller best. Han meiner det er viktig å få fram også den andre sida av krigen enn den folk kanskje er vant til.

Han har sidan han var liten gut vore interessert i krigen, men då han prøvde å finne ut meir om kva som eigentleg skjedde her på Sunnmøre oppdaga han at det fantes lite dokumentasjon om krigen i Noreg sett i frå tyskarane si side.  Det førte til at han dei siste tretti åra har vore på jakt etter bilete. Tyskarane var tidleg ute med gode fotoapparat og tok bilete av høg kvalitet.  Flatmark har kjøpt mange bilete over internett, men han har også fått god kontakt med fleire tyske soldatar som var her under krigen og fått bilete av dei.  Han har også fått bilete i gåve frå folk på Hareid.

Flatmark har tidlegare gitt ut bøker der nokre av bileta frå den store samlinga er publiserte, blant anna ”Krigsbilder” (2010), ”Luftkrigen på Sunnmøre” (2006) og ”Sunnmøre i Festung Norwegen” (1994). Han har også gitt ut fleire lokale bøker om krigen i samarbeid med Harald Grytten.

I vår vert det gitt ut ein ny bok om krigen der Jan Olav Flatmark bidreg. Den skal heite ”Motstandskamp i Ålesund” og kjem i sal på frigjeringsdagen, 8. mai.

Flatmark er ein ettertrakta foredragshaldar i desse tider, men du kan no sjå og høyre  fotoforedraget på Hareid folkebibliotek der han også vil vise bilete som aldri før er offentleggjorde.