Eg er på Gurskøya på Sunnmøre, på veg til kakeboklansering. Når eg rundar Hidsneset på veg mot Gjerdsvika har eg storhavet rett i mot. Ikkje so rart, då, at forfattaren eg skal snart møte kalla kafeen ho dreiv der i nokre år for Kafe Kuling.  Hit kom ho flyttande frå Lillehammer for mange år sia med sin familie, og etter mange gode innhaldsrike år her, har dei no flytta tilbake til Lillehammer. Eit lite stykkje ut i vest ligg Kvamsøya, og der held ho til, den svenske fotografen eg snart skal møte, med gubbe og gard, og no er det midt i lamminga på småbruket deira.

Men no skal kakeboka deira lanserast – på Adolfbuda – i Gjerdsvika si hamn. Då eg rullar inn mellom alle dei andre nausta, skjønar eg fort teikninga. Det er eit kav å finna ein ledig parkeringsplass.  So når eg opnar døra til buda er det mest so ein får litt bakoversveis på dei vesle hårtustane ein framleis har: Der inne kokar det om lag som i sildestimane ut i havet her i dei gode 60 – åra! Her må vere minst eit par hundre kakeglade sunnmøringar i alle aldrar, og midt i romet eit gedigent sunnmørsk kakebord – jau, skal tru om det ikkje er nærare hundre kaker og!

Ein kan kjenne på ei sitring i salen, ein kollektiv lengt etter ein smak av god bok, god kake og god kaffi. Folk handlar kakebok av Liv Randi Djupvik Knotten frå den lokale bokhandelen og ser på alle dei gode kakene og knipsar i veg og venter spente på å få høyre forfattar Hege Norman-Stormbringer og fotograf Anna-Ma Olsson fortelje om den nye, flotte kakeboka dei har laga i lag.

Fyrst vert alle ynskt varmt velkomne av Dilani Vamapahan frå Schibsted forlag. Ho er oslojente med foreldre frå Sri Lanka, og fortel at ho vart heilt i sjokk over det store frammøtet. Ho har aldri sett so mykje folk på ei boklansering før. Her har oslofolk mykje å lære, er hennar konklusjon.  Ho ynskjer alle velkomne til ei reise i norsk tradisjon og kulturarv, og kan stolt formidle at 1. opplag av boka allereie er utseld!

So tek Hege og Anna-Ma over, og dei fortel med humor og varme om kakeboka si reise frå den fyrste ideen til ferdig produkt. Ei lang reise på 2 år med mykje smaking og baking, og Hege lovprisar uhemma det Sunnmørske kakebord – og dei driftige og dyktige kakebakarane, som gjorde stort inntrykk på ein innflyttande Lillehamring for mange år sia. Underteikna utskremde bladfyk kan berre stadfeste den himmelvide forskjell på det nøkterne kakebord ved Mjøsa og det bugnande kakebord på Sunnmøre, etter og å ha utvandra frå Mjøsa til Sunnmøre for mange, mange år sia. Hege kunne fortelje at på det meste hadde det vore baking og smaking av 11 kaker på ein dag. Ho skildrar med stor innleving alle dei sirleg nedskrivne oppskriftene på gulna ark ho hadde lest med andakt i denne perioden. Ho presiserer at det er på ingen måte utsjånaden, men innhaldet som er det aller viktigaste ved ei god kake. Slik er det vel med kake-etarane og, seier Hege.

Sjølvsagt er det slik at for å få laga til eit sunnmørsk kakebord lyt det finnast sunnmørske kakebakarar. Då kallar Hege fram ei rekke gode damer i frå salen, som alle har levert kvar si oppskrift til boka. Dei fleste frå Gjerdsvika Husmorlag, men og fleire frå nabogrender – og øyer.  Dei får alle kvar si bok – og ein god klem - og ein rungande applaus frå den stappfulle salen. So kan Hege til slutt seie dei magiske, forløysande ord om at no er det berre å forsyne seg med kaker og kaffi frå det særs freistande kakebordet! Køa vert lang, men bordet er stort - og tålmodet er stort hjå ein sunnmøring på kakefest og kakeboklansering. Dei to framifrå kakebokbakarane set seg ned og signerer bok etter bok etter bok. Det klirrar i kaffikoppar og kakeskeier, og sodet stig til dei store høgder!