– Vi er veldig godt nøgde, seier kultloppisgeneral Roy Bjørkedal som kan melde om eit godt besøkt Kultloppis i Eiksund laurdag.

Loppemarknaden må vel seiast å vere hovudattraksjonen og ryggrada i arrangementet som engasjerer store deler av folket i Eiksundbygda.

Her kunne dei handlande boltre seg i fleire ulike avdelingar rundt om i det gamle skulebygget, anten ein no var på jakt etter møblar, nips eller gamle plater.

Kvalitetslopper

– Vi får gode tilbakemeldingar på at loppene vi tilbyr har så god kvalitet. Men så har vi også alltid vore medvitne på at vi ikkje skal ta i mot skrot, forklarer Bjørkedal.

Skrot kunne ein derimot finne på verkstaden som kunstnar Monica Vermeer hadde rigga opp på eit av klasseromma. For det var nettopp skrot og søppel som var utgangspunktet for dei mange fantasifulle og artige skulpturane som borna fekk høve til å lage der.

– Dette var eit veldig vellukka tiltak som vi kjem til å prøve på å arrangere fleire gonger, truleg til adventsverkstadane som vi brukar å ha før jul, fortel han.

Med hoppeslott i kjellaren

Det var ikkje berre på skulen det gjekk føre seg i Eiksund denne laurdagen. Også på forsamlingshuset var det aktivitet. Her kunne folk hygge seg med kaffi og kaker, til smektande tonar frå trekkspelet til Knut Selvåg. Dei aller yngste kunne nytte seg av hoppeslottet som var etablert i kjellaren på samlingshuset.

Inntektene frå Kultloppisen går tilbake til ulikt kulturarbeid i bygda.