Fyrstkomande fredag er det premiere på ungdomsfilmen Skammerens datter. For fyrste gong blir ein kinofilm distribuert med undertekstar både på nynorsk og bokmål. Det er kinoane sjølve som avgjer kva undertekst dei vil nytte. Det er digitaliseringa av norske kinoar som gjer dette mogleg.

- Så vidt eg veit, er dette heilt nytt i Noreg. Det er ein flott sjanse for alle kinoar til å syne filmen med nynorsk teksting, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Tidlegare var ei slik løysing nesten utenkjeleg, då kostnadene med å lage fysiske visningskopiar med ulike undertekstar vart for store. Med digital filmdistribusjon er det berre utgiftene til omsetjing som står att. Denne gongen har Nordisk Filmdistribusjon teke desse utgiftene, då boka filmen er basert på, er omsett til nynorsk i Noreg.

Den dansk-norske filmen har eit stjernelag av skodespelarar, med Jakob Oftebro og Marie Bonnevie i spissen. Det er ein utruleg eventyrfilm i ei mellomaldersk fantasiverd basert på fyrste boka i Skammar-serien til Lene Kaaberbøl. Boka har selt utrulege 40 000 eksemplar i Noreg.

Filmen vert også distribuert som skulekino for 6.-10. trinn, og det opnar sjølvsagt for at filmen kan brukast i sidemålsundervisninga på bokmålsskular.

- Filmen er basert på ei veldig spennande og god bok på nynorsk, og det må vere ein ekstra motivasjon å sjå filmen med nynorske undertekstar etterpå, seier Marit Aakre Tennø.

Nynorsk på Sjøborg

Kinosjef Kristine Brungot på Sjøborg kino forsikrar om at dei vil velje nynorsk. Ho vil passe på at kinomaskinisten vil velje rett målform.