Mange av lesarane våre hugsar nok den songglade jenta Rak Marie Hatløy frå Eiksund. Tallause gonger har ho stått på lokale scener i Ulstein og gledd publikum med vakker song. Seinare år har me også fått sett henne på TV-skjermen. Ho har både delteke i «Det store korslaget» og «The Voice».

Den 8. mai kjem endeleg Rak Marie ut med sin første singel, «I won´t». Ho har skrive både tekst og melodi sjølv. Men å satse hundre prosent på musikken er risikabelt. Rak Marie bur og studerer i Oslo der ho utdannar seg til sosionom.

Sosionom og songar

Når Vikebladet Vestposten ringjer Rak Marie sit ho og skriv bacheloroppgåve. Oppgåva skal leverast berre tre dagar før singelsleppet hennar.

– Akkurat no er det veldig hektisk, men når eg får levert oppgåve vil eg fokusere 100 prosent på musikk, fortel ho.

Går det bra med oppgåva er ho ferdig utdanna bachelor til sommaren. Til hausten vil ho prøve å få seg ein deltidsjobb, så ho kan drive med musikk ved sidan av. Ho synest sosionomutdanninga er spennande, så ho vil ikkje gje slepp på denne sida av seg heller.

Vokal frå Nashville

Under studia var ho på utveksling i USA eit halvår. Produksjonsselskapet hennar var også eit halvår i USA. Rak Marie drog så og besøkte produksjonsselskapet i Nashville, der song ho inn vokalen som blir brukt på singelen.

– Me har halde på med same låten i snart to år for å finne rette sounden, seier popartisten.

– Korleis vil du skildre musikken?

– Den er ikkje så akustisk, men likevel ganske organisk, forklarer ho.

Fotografering på Eika

Påskeaftan kunne nysgjerrige turgåarar sjå at Rak Marie vart fotografert på Eika. Bileta som vart tekne blir nytta som pressefoto til lanseringa av singelen. Det er også laga ein musikkvideo til singelen av filmteamet Indielux. Rak Marie har også planar om å lage nokre YouTube-videoar der ho covrar ulike songar.