Sparebanken Møre deler ut i at tre millionar kroner fordelt på over 150 korps i fylket. Det blir om lag 20.000 på kvar av dei. Men Hareid Skulekorps har 50-årsjubileum i år, og Sparebanken Møre bestemte seg derfor å doble summen.

Banksjefen på Hareid hadde i tillegg rekvirert pizza til alle dei 24 musikantane og 13 aspirantane som går i korpset, så det må avgjort seiast at det var ei raus gåve Hareid Skulekorps fekk overrekt måndag ettermiddag.

- Å ha eit korps i bygda er kjempeviktig. Til dømes hadde det ikkje vore noko stas med 17.-mai, viss vi ikkje hadde korpsa. Eg veit det ligg mykje øving bak, og eg veit at foreldre og føresette står på med mykje dugnadsarbeid. Kanskje kan de no ein periode få konsentrere dokke meir om det musikalske og det sosiale, i staden for å samle inn pengar, sa Skeide.

- Fin glød i korpset

Unni Riise Apelseth, ein av leiarane i korpset, fortalde at ho førre 17. mai gjekk med stegteljar i korpset.

- Den viste at Hareid Skulekorps marsjerte i alle fall 22.000 steg på nasjonaldagen, fortel ho.

Førre helg var Hareid ‹Skulekorps med på Tussatreffet, og der fekk dei andre plass i Korps-Idol med «Flintstone»-showet sitt.

- Det er ein fin glød i Hareid Skulekorps no, og det verkar som om musikantane trivst godt, fortel Anita Nøring som sidan i fjor haust har vore dirigent for korpset. Ho er frå Ålesund, og dirigerer også Hatlehol Skulekorps.

Vil ha fleire musikantar

- Vi ønskjer oss fleire musikantar, og eg vil oppmode foreldre om å gi borna lov til å spele korps. Det gir borna ei flott meistringsglede når dei kjenner dei er med på å skape noko i ein større samanheng. Noko av det finaste med korps-hobbyen er at han samlar born på kryss av kjønn og alder. Vi har musikantar i aldersspennet 8-19 år, og alle er snille med kvarandre. Og viss du flyttar til ein ny plass, finn du alltid eit korps du kan spele i, reklamerer dirigenten i Hareid Skulekorps.