MOT besøker totalt over 22.000 ungdommar i 55 "Lokalsamfunn med MOT" gjennom heile turnéen. MOT-turnéen er støtta av Gjensidigestiftelsen. Første sunnmørsstopp var Vanylven kommune, deretter kom turen til Ulstein-ungdommane.

Frå fylkesmønstring UKM til MOT-show

Med låta «Uptown Funk» fekk bandet Bojah Crew med seg publikum, 7.-10.klasse, i Sjøborg kulturhus. På tangentar, Andreas Sæbø (16), som tydeleg viser at han kosar seg på scena. - Publikum er fantastiske. Det er stort å få vere med på showet. Ekstremt morosamt, seier Andreas.sitat frå Andreas.Andreas er også ein av Ulstein sine «Ungdom med MOT» (UMM). Han fekk saman med tolv andre 10.klassingar tildelt attest for sin innsats som UMM.

Frå funk til «Norsk dans nr.2» og rap

9.klasse-jentene Viona Shera og Silje Håheim imponerte på piano med firehendig framføring av komposisjonen signert Edvard Grieg, og kjend som «Norge Rundt-melodi».Programleiarane og UMM Synne Stokkevåg Berg og Frida Grønmyr Jonberg var stødige og dyktige med sine introduksjonar av sceneinnslaga. Ulstein sin eigen MOT-ambassadør, Chris Masters, fengsla publikum med sin rap og scenesjarm:- Kjempegøy å vere med på MOT-show, kommenterer Chris, som stilte med sin produsent Martin Smoge som DJ.MOT-laget veks

Ulstein – Lokalsamfunn med MOT har også nyleg fått sine to første «Signalberarar med MOT». Katrine Mæhlum Pilskog (17) og Aurora Dimmen Bratli (16) heldt ein appell om sitt engasjement for å skape eit tryggare og varmare oppvekstmiljø med grunnverdiane: mot til å leve, mot til å bry seg og mot til å seie nei.- Ta vare på alle personane rundt deg. Ikkje berre dei næraste, men også rundt elles, oppmoda Aurora.

Dei to dyktige ungdommane fortalde om kva MOT betyr for dei og om korleis dei hadde det på MOT-camp der dei vart skulerte signalberarar. - Det var ei fantastisk oppleving, og vi følte vi fekk mykje ut av dagane vi var der. Vi fekk mellom anna høyre om korleis andre lokalsamfunn har det, og det ga inspirasjon til vidare MOT-arbeid her heime, fortalde Katrine.Dei to ungdommane er stolte av å vere ein del av det lokale MOT-laget, og håpar fleire får same sjansen som dei, å reise til MOT-camp for å bli signalberarar.

- Beste framføringa

Etter showet gjekk praten engasjert mellom publikum. - Det beste var då Chand song «Diamanten» og ga beskjed om at vi skulle slå på lysa på mobilane, seier ein.- Chris var kul, seier ein annan.Ulstein TenSing stilte som kor, og var med på refreng på tre av songane i tillegg til at fire solistar fekk prøve seg.Noko av det som imponerte gjestane frå MOT sentralt var framføringa av «MOT til å leve»-låta. - Beste framføringa eg har sett på turnéen. Såg så tydeleg at bandet storkosa seg på scena i lag med dei flinke i koret og solisten, seier Bård Flaarønning som er kommunikasjonssjef i MOT.

Foredrag om å gjere ein forskjell

Bård har vokse opp med MOT og heldt eit ope inspirasjonsforedrag for tilsette ved Ulstein ungdomsskule og nokre andre frå kommunen og frivillige lag i Ulstein.«Korleis gå frå å ville gjere ein forskjell, og faktisk gjere det?»Foredragshaldaren fekk med seg sitt publikum på visualisering og ga nokre verktøy som er nyttige i kvardagen. Sjølv oppsummerte han sitt eige foredrag slik: - Eg håpar eg har gitt inspirasjon til at dokke vil vere den eine som er med og gjere ein forskjell. Sjølv om ein ikkje klarer hjelpe alle, så betyr det allverda for den som får hjelp.

Kvardagen viktigast

Det lokale MOT-laget hadde også årsmøte i lag med regionleiar Jo Trønsdal Bævre. Medan han kunne fortelje nytt frå MOT sentralt og resultat frå siste undersøkingar, kom det fram at MOT-arbeidet i Ulstein fungerer godt når det kjem til MOT-øktene i 7.-10.klasse og med programmet «Ungdom med MOT». - Det er mange som kvar dag jobbar for å skape eit godt og trygt miljø for våre barn og unge. Det hjelper med påfyll og inspirasjon som slike spesielle MOT-dagar gir, men det er kvardagen som er viktigast. Vi skal vere fornøgde med det vi får til, også kan vi alltid strekke oss etter å bli enda betre, meiner MOT-koordinator og ungdomsarbeidar Marie Flatin.Vil skape større MOT i Ulstein

Ulstein – Lokalsamfunn med MOT er godt i gong med å bygge opp programmet «MOT i fritid», der Hødd Handball har signert avtale om å vere «Aktiv Medspelar». - Vi håpar fleire frivillige lag og organisasjonar vil vere med og forankre dei gode grunnverdiane til MOT i heile lokalsamfunnet vårt, held ungdomsarbeidaren fram.Saman med signalberarane og resten av det lokale MOT-laget er målet hennar å få med mange aktive medspelarar både på fritidsarenaen og i næringsliv. Saman om å gjere ein forskjell!