Som skikken er i Haddal på nasjonaldagen, vert innbyggarane i bygda vekte av fantetoget tidleg på morgonen 17. mai slik at dei skal få med seg salutten. I år var det ikkje noko unntak.

Etter å ha trekt i finstasen gjekk turen for mange opp til Solsida stadion der det var avgang for barnetoget. Toget marsjerte til skulen der det var barnetime.

Seinare på dagen var det tid for folketog gjennom bygda. Deretter var det samling på skulen med leikar på idrettsplassen og sal av kaker og kaffi. Dagen vart avrunda på tradisjonelt vis med 17. mai-fest på grendahuset.